Karmsund folkemuseum
 
 
 
 

Samlarar søkes

Foto: Ana Gonçalves, Haugalandmuseene.

Foto: Ana Gonçalves, Haugalandmuseene.

 

Samlarglede

Karmsund folkemuseum inviterer til samlarutstilling. Vi ynskjer å komme i kontakt med samlarar som kunne tenke seg å vise fram samlinga si på museet søndagar i januar 2018.

Samlar

Blir du spurt om du samlar på noko – svarer mange  nei… jo, forresten eg samlar på gode minner.

Sant nok, men sanninga er at mange av oss samlar og på ting. Har du meir enn to – då har du ei lita samling.

Nokre veldig få av oss fyller garasjen med store bilar, andre samlar på bilar som er så små at dei mest vekker morsinstinktet. Ein kan samle på det meste.

Kulepennar, for eksempel, eller fotballdrakter, eller Pokemon-ting, postkort eller LP plater.

For ikkje å snakke om steinar, DVD-ar, frimerke, myntar, eggeglas eller legofigurar.

Samling dreier seg i alle fall om interesser, er du interessert i fotball – så samlar du på fotballkort og ikkje bilar.

Nokre er «Pippi-samlarar» og samlar dermed på alt mogleg, andre likar design, og andre igjen samlar på ting som kanskje kan komme til nytte ein dag. Nokre samlar på heilt spesielle ting – eit spesielt år – ein spesielle kopp…

Nokre samlarar melder seg inn i klubbar og har klubbkveldar og reiser på turar i lag…

Kva du enn måtte føretrekke :

Likar du å samle, likar du å sjå på kva andre samlar på , og likar du ting, så er dette for deg.

Karmsund folkemuseum inviterer til samlarutstilling.

Vi ynskjer å komme i kontakt med samlarar som kunne tenke seg å vise fram samlinga si på museet ein søndag i januar 2018.

Del di samlarglede, din mani, din lidenskap og kunnskap med andre.

Museet ryddar plass, til eit utval av samlingane.

Velkommen til å vise samlinga di på Karmsund folkemuseum i januar 2018.

Ta kontakt med museet på 52709360.

Kulturnatt – fredag 10. november

kulturnatt

 

18:00-18.45: Appassionata – om du flyr eller faller         

Sigrun Gilje Hindal kjem og snakkar om kreativitet, improvisasjon og strikking. Kva inneberer det eigentleg å jobbe kreativt, og korleis kan ein trekker improvisasjon inn i strikkeprosessen?

19:00-19:45: Gaute M. Sortland, forfattar og musikar, kjem med den nye boka si «Korte meisterverk». Denne kvelden blir får vi høyre humoristiske tekstar, korte og triste tekstar, store og tankefulle tekstar, avløyst av smektande tonar, bitande feler og sorgfulle cowboy-songar. Med seg har han Olav Christer Rossebø, bandkollega frå Bergen Mandolinband legg han ut på turne for å lese, synge og spele.

 20:00-20.45: Ludo. Norsk og balkansk folkemusikk møter kvarandre og foreinast når folkemusikkgruppa Ludo spelar. Gruppa består av Steinar Rygg, Frode Hammersland og Åsmund Espeland. Det musikalske uttrykket til Ludo er prega av eit tett samspel krydra med opne parti, som gjev rom for improvisasjon og spenstige og elegante arrangement.

 Kulturnatt program:  fredag og lørdag

 

Høstens aktiviteter

Museets aktiviteter har starta opp igjen etter sommeren. Vi er nå kommet i gang med både Strikkekafé og Museumskvarter. Tirsdager er fellesnevner for disse to gratis tilbudene fra museet. Så om du er glad i å strikke og hyggelige samtaler over en kopp kaffe eller vil ha ha påfyll i kunnskap og en god samtale over en kopp kaffe, så sett av tirsdag formiddag.

Strikkekafé kl. 11-13

  1. og 26. september
  2. og 24. oktober
  3. og 21. november

Museumskvarter kl. 12.00-12.15

17. oktober «Tau av lindebast»

21. november «Hummerfiske»

19. desember «Gamle juletoner fra Haugalandet»

 

For fullstendig oversikt over alle arrangementer i regi av Hauglandmuseene se Facebook Haugalandmuseene Arrangement

Forskernatt

forskernatt 2017

 

Bli med på spennende Forskernatt i Haugesund sentrum. Temaet i år er « Oppdag verdienes verden» Arrangementet er åpent for alle og gratis å delta på!

Åpningshow kl. 17.30 på Høgskulen på Vestlandet – Campus Haugesund

 

 

Program:

Karmsund folkemuseum:
18.30 – 20.30: Alt kan brukes…
Ting hadde en verdi før. Tidligere brukte bonden alt som kunne brukes; både fra dyr, det de dyrket og fra naturen. Kanskje handlet det om å overleve? I dag er mange som tenker på natur og miljø. Redesign har blitt populært og mye kan brukes på en ny måte. På museet gir vi ny verdi og bruksområde til gamle aviser, kartonger og flasker. Bli med oss.
Se også utstillingen «Rom for alle?»
Høgskulen på Vestlandet – Campus Haugesund:
17.30: Åpningsshow
17.30 – 20.30: Forskningstorg med eksperimenter og aktiviteter. Du møter forskere og andre forskings- og utviklingsmiljø fra vår region på stands og stasjoner.

Haugesund folkebibliotek:
18:30 – 20.30: «AllVerdi og verdienes magiske verden»
Hva er verdifullt for deg? Kan noe være verdifullt for deg, som ingen andre bryr seg om? Kan vi sammen skape noe med verdi? Kom og møte den superfascinerende AllVerdi som tar deg med på en utrolig reise gjennom verdienes magiske verden! Forestillingene begynner kl.18:30 og 20:00 (Passer for 5-klasse og oppover)

Haugesund Billedgalleri:
Kl. 18.30 Foredrag v/ Janne Robberstad: «Moon Village 2017» (fra 12 år)
Kl. 19.00-20.30 Aktiviteter: Lag ditt eget månestøv, Newtonian fluid-synging, bygg et tårn av månestøv og smak på fremtidens månemat.

Museumskvarteret «LYS OG VARME»

LYS OG VARME

Lys og varmeHalvvegs ute i september månad merkar vi godt at kveldane blir både mørkare og kaldare.

Vi skrur på fleire lamper og hevar temperaturen eit par grader på varmepumpa.

 

Slik gjer vi det no – slik var det ikkje før.

Velkommen til Museumskvarteret tysdag 19.9. kl 12.00 og høyr direktør Mads Ramstad fortelje om kva lys og varmekjelder folk nytta seg av før i tida.

Historisk påfyll rundt lunsjtid på Karmsund folkemuseum.

Enkel kafé med billig kaffe.

For fleire opplysningar ta kontakt med Karmsund folkemuseum tlf. 52709360

Andre nettsteder

Arkiv

Hva skjer?

Loading...

Følg oss på Facebook