Karmsund folkemuseum
 
 
 
 

Kulturnatt – fredag 10. november

kulturnatt

 

18:00-18.45: Appassionata – om du flyr eller faller         

Sigrun Gilje Hindal kjem og snakkar om kreativitet, improvisasjon og strikking. Kva inneberer det eigentleg å jobbe kreativt, og korleis kan ein trekker improvisasjon inn i strikkeprosessen?

19:00-19:45: Gaute M. Sortland, forfattar og musikar, kjem med den nye boka si «Korte meisterverk». Denne kvelden blir får vi høyre humoristiske tekstar, korte og triste tekstar, store og tankefulle tekstar, avløyst av smektande tonar, bitande feler og sorgfulle cowboy-songar. Med seg har han Olav Christer Rossebø, bandkollega frå Bergen Mandolinband legg han ut på turne for å lese, synge og spele.

 20:00-20.45: Ludo. Norsk og balkansk folkemusikk møter kvarandre og foreinast når folkemusikkgruppa Ludo spelar. Gruppa består av Steinar Rygg, Frode Hammersland og Åsmund Espeland. Det musikalske uttrykket til Ludo er prega av eit tett samspel krydra med opne parti, som gjev rom for improvisasjon og spenstige og elegante arrangement.

 Kulturnatt program:  fredag og lørdag

 

Andre nettsteder

Arkiv

Hva skjer?

Loading...

Følg oss på Facebook