Karmsund folkemuseum
 
 
 
 

Hesthammer skule

Hesthammer skule

Skulen på Hesthammer er i dag den eldste skulestova i Tysvær, bygd i 1863. I nesten hundre år frå 1863 til 1959 var bygningen skule og forsamlingshus. Det var den fyrste skulestova dei bygde i Falkeid skulekrins. Falkeidbygda er i dag mest kjend for Kårstø-anlegget.

Skulen ligg ved den gamle bygdevegen frå Hesthammer til Årvik. Vegen går framom bautaen til Cleng Peerson og sør langs Falkeidelva.

Huset er oppsett på ein låg mur av gråstein. Byggeskikken i huset er som eit bolighus frå same tid. Klasserommet er i lafta sua plank, mens gangen, “uversskuret”, er bygd i bindingsverk. Den ståande kledninga utvendes er spesiell. Stilpreget er klassisistisk.

Skulerommet har trekvite vegger og omn midt i stova. Det er utstyrt med benkar slik det var fram til 1939. Kateteret og den høge stolen som læraren sat på, er der og. Skulen har aldri hatt elektrisitet, og det var visst heller aldi andre ljoskjelder enn omnen i skulestova.

Skuletomta er ikkje stor. Skulekrinsen kosta steingjerde rundt tomta i 1883. Så lenge skulen var i bruk, var det utedo i det nord-vestre hjørnet.

Andre nettsteder

Arkiv

Google oversetter

EnglishFrenchGermanIcelandicItalianNorwegianPolishPortugueseRussianSpanish

Hva skjer?

Følg oss på Facebook