Karmsund folkemuseum
 
 
 
 

Åpningstider i romjula

Jolasveinar 003

 

Museet er åpent onsdag 27. desember t.o.m. 29. desember mellom kl. 10-14. Vi holder stengt på helligdager mellom jul og nyttår.

 

Januar på museet

Foto: Ana Gonçalves, Haugalandmuseene.

Foto: Ana Gonçalves, Haugalandmuseene.

 

 

I januar inviterer vi samlere inn på museet. De tre siste søndagene i januar får samlere stille ut tingene sine på museet. Disse søndagene vil det også som vanlig bli foredrag.

Jul på museet

juletre 2017

 

Førstkommende søndag kan du lage julepynt på museet. I år er det nisser og nisselenker som gjelder. Juletreet vårt er allerede pyntet med dette, takk til elvene fra Solvang skole som hjalp oss. På museet kan en la roen synke inn, dele opplevelser og lage litt julepynt på egen hånd. Museet er åpent mandag-fredag kl. 10-14 og søndager kl. 12-15.

Museet er åpent t.o.m. 22. desember og i romjula 27. desember til 29. desember fra kl. 10.00-14.00.

Velkommen

 

Samlarar søkes

Foto: Ana Gonçalves, Haugalandmuseene.

Foto: Ana Gonçalves, Haugalandmuseene.

 

Samlarglede

Karmsund folkemuseum inviterer til samlarutstilling. Vi ynskjer å komme i kontakt med samlarar som kunne tenke seg å vise fram samlinga si på museet søndagar i januar 2018.

Samlar

Blir du spurt om du samlar på noko – svarer mange  nei… jo, forresten eg samlar på gode minner.

Sant nok, men sanninga er at mange av oss samlar og på ting. Har du meir enn to – då har du ei lita samling.

Nokre veldig få av oss fyller garasjen med store bilar, andre samlar på bilar som er så små at dei mest vekker morsinstinktet. Ein kan samle på det meste.

Kulepennar, for eksempel, eller fotballdrakter, eller Pokemon-ting, postkort eller LP plater.

For ikkje å snakke om steinar, DVD-ar, frimerke, myntar, eggeglas eller legofigurar.

Samling dreier seg i alle fall om interesser, er du interessert i fotball – så samlar du på fotballkort og ikkje bilar.

Nokre er «Pippi-samlarar» og samlar dermed på alt mogleg, andre likar design, og andre igjen samlar på ting som kanskje kan komme til nytte ein dag. Nokre samlar på heilt spesielle ting – eit spesielt år – ein spesielle kopp…

Nokre samlarar melder seg inn i klubbar og har klubbkveldar og reiser på turar i lag…

Kva du enn måtte føretrekke :

Likar du å samle, likar du å sjå på kva andre samlar på , og likar du ting, så er dette for deg.

Karmsund folkemuseum inviterer til samlarutstilling.

Vi ynskjer å komme i kontakt med samlarar som kunne tenke seg å vise fram samlinga si på museet ein søndag i januar 2018.

Del di samlarglede, din mani, din lidenskap og kunnskap med andre.

Museet ryddar plass, til eit utval av samlingane.

Velkommen til å vise samlinga di på Karmsund folkemuseum i januar 2018.

Ta kontakt med museet på 52709360.

Ølbrygging – frå tradisjon til trend

ØLFLASKER

 

Å brygge øl, både til jul og til resten av året, er ein gammal tradisjon som har tatt seg opp att. Tradisjonelt vart øl brygga til festlige høver som bryllaup, vintersolverv eller gravferder. Både brygginga og drikkinga var forbunde med sosiale lag, slik vi ser i dag og. Før gjekk ofte naboar i lag om brygginga, medan vi i dag ofte ser at det er vennegjengar som brygger i lag. Den nye trenden handlar både om å kjenne til tradisjonen med ølbrygging og å utvikle tradisjonen vidare.

Hugo Sørbø frå Skudeneshavn er ølbryggar og driv Sørbø hjemmebryggeri i Skudenes, han kjem til Karmsund folkemuseum for å fortelje og lære vidare om ølbryggeprosessen – korleis øl blir til gjennom mesking og gjæring.

 

Velkommen til Museumstafett på Karmsund folkemuseum,

torsdag 30. november kl. 19.00-21.00, inngang kr. 50,-

 

 

Andre nettsteder

Arkiv

Hva skjer?

Loading...

Følg oss på Facebook