Karmsund folkemuseum
 
 
 
 

Artikkel: Bryllaups-smørformer frå Karmsund

Av Jon Bergsåker

Smør forma i bryllaupsformMed grunnlag i det utvalet av smørformer ein finn i Norsk Folkemuseums samlingar frå ulike kantar av landet må ein sjå det vanleg at smørformene frå den norske garden er ornamenterte for ein heller allmenn bruk. Ein meiner då å kunna sjå dei så nøytrale i dekoren at dei kan tena til bruk både ved bryllaup og ved likferd – då for å nemna to av livsens høgtider der det smørform-forma smøret kunne vera vanleg i sendinga.

Men frå Karmsund har ein døme på smørform til spesiell bryllaups-bruk. Denne spesielle bryllaups-smørforma skil seg ut med skurden sin mellom alle dei andre smørformene ein har i Karmsund folkemuseums samlingar: på den eine sida utgjer skurden eit brurepar, på ei anna sida finn ein mann og hest med eit par fuglar flygande over, – på dei to andre sidene stjerner og geometrisk skurd.

I Karmsund folkemuseum har ein fleire av desse særmerkte smørformene, som alle er skorne etter same mønster, – det kan berre ymsa heilt lite i detaljar, og dei er skorne av same mannen. Han har nemleg sett initialana sine på forma, – og ikke berre det: han har også merkt av nummer. Karmsund folkemuseums former har både låge nummer, og 27 som det høgste.  Det kan såleis tyda på noko av ein “masseproduksjon” frå denne treskjæraren O. T. S.W. På ei av formene i Karmsund folkemuseum er W. utfylt til Wig. Etter spreiinga av formene kan det vera rimeleg å tru at dei er skorne på Karmøy, og det må då i tilfelles truleg vera Vik på Sør-Karmøy i gamle Skudenes kommune. Det kan vidare vera grunn til å rekna med at denne smørform-skjæraren har vore i verksemd i første halvpart av 1800-åra. Ein har nemleg ei smørform av dette slaget frå Haugo i Torvastad på Karmøy, med initialer som må syna til eit brurepar frå 1828.

Det er smørformer som ved sine ornament skil seg ut mellom dei ein elles kjenner frå Karmsund-Sunnhordland i Karmsund folkemuseum sine samlingar. Då ved sjølve mønsteret og motivet for skurden som må ha gjort dei spesielt etla til bryllaupsbruk og som såleis gav dei ein avgrensa funksjon i høve til slik det kunne vera med smørformer elles som hadde meir “allment innhald” i dekorasjonane.

Ved å gå gjennom det rike utvalet av smørformer i Norsk Folkemuseums samlingar har ein ikkje kunna finna noko tilsvarande til desse bryllaups-smørformene i Karmsund med brurepar som er innksoren i skurd som peikar på spesiell bryllaups-bruk. Heller ikkje såg ein liknande ved ein tverrskurd gjennom det norske materialet av smørformer i Nordiska Museet i Stockholm.

Men så finn ein i den svenske etnologen Sigfrid Svenssons eige og som arvestykke frå hans barndomsheim i Skåne ei smørform med eit brurepar på eine sida, to løver på ei anna, og to sider med geometrisk skurd (Sigfrid Svensson: Unika smørformer? Rig 1961). Etter brureparet sin klesdrakt vil Sigfrid Svensson tidfesta smørforma til etter år 1800, og då helst til 1820-1830-åra. For så vidt same tida som bryllaups-smørformene frå Karmsund må skriva seg frå.

Sigfrid Svensson tykkjest finna det rimeleg at ein hadde spesielle bryllaups-smørformer: “Med tanke på smørformens användning ved bröllop faller det av sig själft att snidaren avsett att avbilda ett brudpar – en motsvarighet till de små sockerfigurerna på senare tiders bröllopstårtor”. Det må likevel kunna slåast fast at noko allmenn ovring har det i alle høve ikkje vore på norsk område med smørformer som ved sine ornament gjorde dei til spesielle bryllaups-smørformer. I så måte må desse smørformene i Karmsund folkemuseums samlingar stå som eit avvik frå det vanlege i Norge.

Ein finn såleis at dei særmerkte bryllaups-formene frå Karmsund, som ein berre kjenner frå ein smørform-skjærar som må ha gjort seg ei viss næring av det, dei finn ein i motivval att i Skåne. Ein må også rekna Karmsund-smørformene nokolunde samstundes i tid med den nemnde smørforma at Sigfrid Svensson, som har høyrt til i gardshushald i Löderup sokn i Ingelstad herad i Skåne. Ein finn også eit samsvar i sjølve skapet på forma, som skil seg ut frå dei mest vanlege norske.

Gjer ein seg kjend med kvar i Skåne ein finn Löderup sokn og Ingelstad herad, så er det i den søraustre luten og i nærleiken av dei gamle sildehamnene Ystad og Simrishamn. Vidare veit ein om samband mellom Karmsundområdet og vest-svenske hamnar, og svenske Östersjøhamnar i den norske handelen med sild til Sverige og områda ved Östersjøen. Det var eit samband frå Karmsund som bygdest opp etter 1814, også som fylgje av at då var silda komen att til Karmsund, samstundes som sildefisket ved den svenske vestkysten tok ende, og ved at unionene med Sverige kunna letta slikt handelssamband. Det var eit handelssamband som vart rett livalt utetter 1800-åra. Ein veit også korleis dei som siglde med sild frå Karmsund til Sverige og Östersjølanda gjerne kunne føre med seg heim att varer av ymse slag og korleis dette sambandet kunne gje kulturkontaktar som ein finn minningar om i så mangt.

Så åleine som O.T. S. W. sine bryllaups-smørformer tykkjest stå i norske samlingar av smørformer skal ein då ikkje sjå bort frå at det er Karmsunds samband med sildehamnar i Skåne som kan ha gjeve påverknad i så måte også. Då ein påverknad som har gjeve Karmøy og Karmsund-bygder ei spesiell smørform som ikkje var vanleg elles – ved ein einskild bygdehandverkars verksemd.

Årbok for Karmsund 1984-1986, s. 76

Andre nettsteder

Arkiv

Google oversetter

EnglishFrenchGermanIcelandicItalianNorwegianPolishPortugueseRussianSpanish

Hva skjer?

Følg oss på Facebook